11. - 17. AUG 2024
Program
Karl Seglem: Mytevegar
Nasjonal Jazzscene Victoria17/0820:00Kjøp billett
Oldnordiske mytar i eit klimakriseperspektiv | Oslo Jazzfestival 2023

Karl Seglem er ein grensesprengjande musikar på tenorsaksofon og bukkehorn, og bevegar seg uanstrengt i eit landskap mellom jazz, folkemusikk, world jazz og fri impro. Som ein uredd utøvar og komponist blandar han gjerne uttrykk som spenner frå den akustiske folkemusikken via jazz til elektronika.

Med sine over 30 år som plateartist og meir enn 40 album, har Karl Seglem framleis den musikalske nysgjerrigheita si og skapt sitt heilt eige uttrykk. Han bruker ofte folkemusikken som basis for improvisasjonane sine, og med hardingfele som fast instrument i eit av ensembla sine, har han ei solid forankring i det urnorske. Som utøvar er han ei unik stemme som stadig klarer å vera nyskapande og tradisjonsberande på ein og same tid. I klangverda hans er det rom for både det meditative og det rytmiske. Karl Seglem sin varierte og nyskapande bruk av bukkehornet er også heilt unik.

Mytevegar hentar sin hovudinspirasjon frå myten om Balders død i norrøn mytologi. Karl Seglem set myten inn i eit øko-filosofisk klima-perspektiv der også eigen poesi inngår. Verket samlar på fleire måtar trådane frå Øko og Verdsarv, utgjevinga Nunatak (2018) og Seglems siste diktsamling Djup redsle. Djup ro. (2022). Seglem urframfører verket på Oslo Jazzfestival 2023.

Karl Seglem (tenorsaksofon, bukkehorn, stemme), Erlend Viken (feler, vokal), Håkon Høgemo (hardingfeler), Andreas Ulvo (piano, synth), Andreas Løwe (el. piano, synth), Hallvard Gaardløs (bass, vokal), Kåre Opheim (trommer), Alf Magne Hillestad (perkusjon, elektronikk), Inger Lise Belsvik, visuell illustrasjon), Birk Nygaard (lysdesign), Asle Karstad (lyddesign)

Konsertstart 20:00

Dørene åpner 19:00

11. - 17. AUG 2024

Generelle henvendelser og booking:info@oslojazz.no22 42 91 20
Følg oss:FacebookInstagram
Kode:Bjerk


Image of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsor