13. - 20. AUG 2022
Program
Maria Schneider & Oslo Jazzensemble
MUNCH - Festsalen16/0819:00Kjøp billett

Oslo jazzensemble & Maria Schneider

Grammy-vinnande og Pulitzer-nominerte Maria Schneider kjem til Noreg med sitt storverk Data Lords. Når ho skulle ta med musikken til Europa var valet enkelt - ho valde seg Oslo jazzensemble. Dette blir den kolossale konsertopplevinga du ynskjer deg i 2022.

Amerikanske Maria Schneider har i løpet av dei siste tredve åra sett djupe spor i jazzverda med si meisterlege orkestrering. Ho er også ein visjonær musikar, komponist og orkesterleiar som vil at musikken skal bety noko – det merkar lyttaren.

Tittelen Data Lords peikar på dei store teknologi-gigantane, og verket har sitt utspring i Schneider sitt politiske engasjement og kritiske blikk på den hyperdigitale samtida vår, der nokre få enorme selskap tener pengar på all data vi forar dei med. Ho ser med bekymring på korleis vi blir «hypnotisert av endelause underholdningstilbod, støy og informasjon som krev vår merksemd døgnet rundt.»

Slike idear blir det stor musikk av.

Musikken er symfonisk, episk og full av kontrastar. Verket har to delar - «The Digital World» og «Our Natural World». Å lytte til Data Lords kan best samanliknast med å sjå ein film på det store lerretet. Schneider går ut på dei store slettene, ned i dei små molekyla. Ho legg fargar til kvar minste detalj i eit enormt lydlandskap samtidig som lyttaren opplever heilskap gjennom dei lange linjene.

Albumet Data Lords (2020) vann to Grammy-prisar, vart kåra til årets album 2020 av NPRs Jazz Critics Poll og vart i tillegg nominert til verdens mest prestisjetunge pris for litteratur og journalistikk, Pulitzer-prisen.

Pulitzer-juryen skildra Data Lords som “an enveloping musical landscape of light and shadow, rendered by the many personalities of a large jazz ensemble, reflecting the promise of a digital paradise contrasted by a concentration of power and the loss of privacy.”

For å romme denne størrelsen, må det eit virtuost og rikt ensemble til - og Schneider valde seg Oslo jazzensemble. Ho vart kjent med dei norske musikarane tilbake i 2014, og har sidan den gong forelska seg i ensemblet som også vart sentralt då Schneider var Artist in Residence på Moldejazz i 2018. Det var også her tittelsporet «Data Lords» vart framført for første gong.

Oslo jazzensemble består av landets ypperste musikarar på sine instrument. Musikarar som til saman nettopp har ei enorm breidde i uttrykk og musikalske personlegheiter – og det gir høyrbare resultat i musikken

Oslo jazzensemble er drifta av Østnorsk jazzsenter med tilskudd frå Norsk kulturråd.

  • Maria Schneider - musikalsk leder og komponist
  • Børge-Are Halvorsen - altsaks og fløyter
  • Joakim Bergsrønning - altsaks, fløyte og klarinett
  • Atle Nymo og Martin Myhre Olsen - tenorsaks
  • Tina Lægreid Olsen - barytonsaks og bassklarinett
  • Frank Brodahl, Marius Haltli, Richard Köster og Anders Eriksson - Trompet og flygelhorn
  • Even Kruse Skatrud, Nils Andreas G. Granseth og Magnus Murphy Joelson - Trombone
  • Kristine Solli Oppegaard - Basstrombone
  • Jørn Øien - piano
  • Kalle Moberg - accordeon
  • Jens Thoresen- gitar
  • Trygve Waldemar Fiske - bass.
  • Håkon Mjåset Johansen - trommer

13. - 20. AUG 2022

Generelle henvendelser og booking:info@oslojazz.no22 42 91 20