Sinikka Langeland: Wind and Sun
Festsalen, MUNCH
Mandag 14. august 19:00
Skatten frå Finnskogen og Jon Fosses dikt | Oslojazz 2023
Sinikka Langeland er ein av dei fremste folkemusikarane i landet, og blir kjenneteikna ved den sterke og uttrykksfulle songstemma si og raffinerte kantelespel.
Vinteren 2021 hadde Sinikka Langeland premiere på ny musikk og poesi for sitt stjernelag av musikarar. Denne gongen har ho sett musikk til dikt av Jon Fosse og musikarane løftar komposisjonane med sine improvisasjonar og eminente ensemblespel.
Sinikka har ei djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sine dikt finn ho ein klangbotn som resonnerar. Musikken er folketonebasert, men ho ynskjer og å setja det tidlause aspektet i dikta inn i vår tid med musikarar som bidreg med eit moderne uttrykk. Dei er alle solister av ypperste klasse med eigne ensemble og internasjonale karrierar.
Kantelen lyder nesten som eit orkester i seg sjølv og saman med dei veletablerte ECM-musikarane, gir Sinikka Langeland oss ein konsert inspirert av Jon Fosse sine tidlause vestlandslandskap i vind, sol, hav og himmel.
Sinikka Langeland (vokal, kantele) Mathias Eick (trompet), Bendik Hofseth (saksofon), Mats Eilertsen (bass), Thomas Strønen (trommer)
Dikt av Jon Fosse
Konsertstart 19:00
Dørene åpner 18:00