13. - 19. AUG 2023
Program
Sinikka Langeland
Festsalen, MUNCH 14/0819:00Kjøp billett
Skatten frå Finnskogen og Jon Fosses dikt | Oslojazz 2023

Sinikka Langeland er ein av dei fremste folkemusikarane i landet, og blir kjenneteikna ved den sterke og uttrykksfulle songstemma si og raffinerte kantelespel.

Vinteren 2021 hadde Sinikka Langeland premiere på ny musikk og poesi for sitt stjernelag av musikarar. Denne gongen har ho sett musikk til dikt av Jon Fosse og musikarane løftar komposisjonane med sine improvisasjonar og eminente ensemblespel.


Sinikka har ei djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sine dikt finn ho ein klangbotn som resonnerar. Musikken er folketonebasert, men ho ynskjer og å setja det tidlause aspektet i dikta inn i vår tid med musikarar som bidreg med eit moderne uttrykk. Dei er alle solister av ypperste klasse med eigne ensemble og internasjonale karrierar.


Kantelen lyder nesten som eit orkester i seg sjølv og saman med dei veletablerte ECM-musikarane, gir Sinikka Langeland oss ein konsert inspirert av Jon Fosse sine tidlause vestlandslandskap i vind, sol, hav og himmel.


Sinikka Langeland (vokal, kantele) Mathias Eick (trompet), Trygve Seim (saksofon), Mats Eilertsen (bass), Thomas Strønen (trommer)

Dikt av Jon Fosse


Konsertstart 19:00

Dørene åpner 18:00

13. - 19. AUG 2023

Generelle henvendelser og booking:info@oslojazz.no22 42 91 20
Følg oss:FacebookInstagram
Kode:Bjerk


Image of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsorImage of sponsor